September 2007


Prison Break sesong 3IMdB: http://imdb.com/title/tt0455275/

Må seie eg er djupt skuffa over sesong 3 i serien Prison Break. Du kan ikkje bare lage eit nytt konsept i ein serie heilt utan vidare. Etter mi meining, er sesong 3 noko ugjennomført av forfattarane bare for å skrive noko. Prison Break var eigentleg bare ein sesong. Eg likte heller ikkje sesong 2. Det var enormt spanande i sesong 1, men sesong 2 og 3 er bare lagt ut for å legge ut noko. Eg kjem til å sjå eit par episodar til av Prison Break sesong 3 for å sjå om dei klarar å kome seg opp att til eit spanande konsept.

Vurdering: 3/10

IMdB: http://imdb.com/title/tt0120689/Den Grønne Mil cover

Den grønne mil kjem fykande direkte inn på topp-3 lista mi. Tom Hanks spelar ei fantastisk hovudrolle som Paul Edgecomb i Stephen King si utrulege historie om fangevoktarane på “The Green Mile”, som er fengselsblokka for dødsdømte fangar. I filmen viser Michael Clarke Duncan (i rolla som John Coffey) kor god skodespelar han eigentleg er..! (Noko han etter mi meining ikkje klarte i Sin City). Han spelar så godt at han har vore nominert til Oscar fleire gongar for beste birolle!

Du finn ikkje filmar som liknar denne. Dette er ein film du kan sjå om og om igjen, du finn alltid nye detaljar i historia!

Vurdering: 10/10