Den grønne mil kjem fykande direkte inn på topp-3 lista mi. Tom Hanks spelar ei fantastisk hovudrolle som Paul Edgecomb i Stephen King si utrulege historie om fangevoktarane på “The Green Mile”, som er fengselsblokka for dødsdømte fangar. I filmen viser Michael Clarke Duncan (i rolla som John Coffey) kor god skodespelar han eigentleg er..! (Noko han etter mi meining ikkje klarte i Sin City). Han spelar så godt at han har vore nominert til Oscar fleire gongar for beste birolle!
Du finn ikkje filmar som liknar denne. Dette er ein film du kan sjå om og om igjen, du finn alltid nye detaljar i historia!
Vurdering: 10/10