October 2007


IMdb: http://imdb.com/title/tt0450340/Unknown cover

Det heile begynner med at James Caviezel, som spelar seg sjølv, vaknar opp etter det som ser ut som ein slåstkamp, og rundt han er det masse bevisstlause personar som han ikkje har noko minne av og sett før han hugsar heller ikkje noko anna. Han begynner og kikke rundt og finner fort ut at dei er låst inn i eit slags forlate lager og det er ingen vei ut. Ein telefon ringer i eit slags kontor han tar den og mannen i andre enden begynner og spør om han har gjort ende på folka endå og om når dei kan komme der. Etter kvart vaknar dei andre og opp og etter litt tid finn dei ut at dei skal samarbeida for og komma seg ut av bygningen, men så finn dei ut at to av personane i bygningen er blitt bortført frå resten av personane i bygget. Dette skapar store spørsmål da ingen hugsar noko, men etter kvart begynnar dei og hugsa delar av det som har skjedd før.

unknown hovedpersMåten historia skiftar retning kvar gang nokon av dei innesperra personane får tilbake delar av hukommelsen sin skapar ein utroleg dybde, som berre kan samanliknast med framgangen i memento, dette får ein til og undra på kven som er god og kven som er ond. Dette er ein djup film som prøver og etterlikne memento i historieforteljinga utan og kopiere den heilt. Men som alle djupe filmar tar det litt tid før ein skjønar kva som skjer, men dette gjer filmen ekstra kjekk med ein gang ein skjønar det. I tillegg så er filmen for kort i forhold til alt som skjer. Mitt råd er: likar du djupe filmar, sjå denne, men eit møkje betre alternativ er memento, ein må sjå!

Twisten med denne filmen er hovudpersonen si bakgrunnshistorie som gjennom filmen skiftar mellom mot og med kidnapparane, men i slutten blir ein plutseleg forvirra då det ikkje er klart kva sia han står på; også kjem rulleteksten før me veit svaret.

Vurdering: 7/10

IMdb: http://imdb.com/title/tt0449088/pirates 3 cover

Grunnhistoria i filmen er at Lord Beckket har fått tak i Davy Jones hjarta og med den flygande hollender på si sida vinner britane kampen mot piratane.  Derfor kallar dei inn til pirat retten og tilkallar dei 9 pirat lordane, Jack Sparrow er ein av dei, så då reiser Captein Barbossa og hans crew med beregnet Will Turner (Orlando Bloom) og Elizabeth Swann (Keira Knightley) forbi verdens ende og tilbake igjen.  Da dei 9 pirat lordane er samla må dei ta ein avgjøring om dei skal sleppe fri den forræderiske gudinna calypso.

pirates 3 sceneDette er ein spanande film som eg meinar er betre en 2en, sjølv humoren som det eigentleg er lite av passar bra.  Einaste er scenen der Will Turner og Elizabeth Swann giftar seg,  ein scene som er lagt i saman med scenen der Den flygande Hollender borde dei, denne scenen øydeleg ein scene som kunne vert spektakulær.

Vurdering:  6/10

http://imdb.com/title/tt0499556/War cover

Filmen handlar om ein FBI agent som prøver og ta mordaren som drap partneren hans for tre år sidan. Denne leigemordaren kalla Rogue får i oppdrag av triad å stele to antikk gullhestar frå rival mafiaen ” Yakuza”. Men det viser seg at Rogue har andre planar en å gjere alt slik som hans oppdragsgjevar seier.

war handlingEin utruleg god grunn til og sjå denne filmen er rett og slett at hovudrollene i filmen er Jet LI og Jason Statham, to kjente skodespelarane som kvar for seg har lagd mange geniale filmar. Dette er ein film fullspekka med action og lite snakk. Men filmen blir og veldig Hollywood, da ein raskt skjønnar korleis filmen sluttar og kva som kjem til å skje.

Dersom ein er litt meir vaken så anbefaler eg å sjå ”Chaos” frå 2005 også der spelar Jason Staham i hovudrolla, noko liknande manus men mykje djupare og mykje mindre forutsjåande.

Vurdering: 5/10

revolver cover

http://www.imdb.com/title/tt0365686/

Her har du ein enormt god skodespelar som flk kjenner frå filmar som Goodfellas, Hannibal, nemlig Ray Liotta! Filmen handlar om gambling. Ray har rolla som Macha, som eig casinoet. Ein anna god skodespelar som er i filmen er Vincent Pastore, som du kjenner frå Sopranos og Goodfellas.

Macha sender “gangsterane” sine etter Jake Green (Jason Statham), som vert tatt opp av lånehaiane Zach (Vincent) og Avi (Andrè Benjamin). Saman stel dei eit tolv-tonns pengeskap av Macha, og skapet var fullt av dopet han skulle levere til Mr. Gold. Så Macha er nødt å skaffe nytt dop, og det fort.

Filmen er laga i same stil som Goodfellas med tanke på at ein fortel det folk tenkjer og føler. Interessant måte å legge fram ting på eigentleg.

Vurdering: 7/10

IMdb: http://imdb.com/title/tt0293564/Rush hour 3

Rush Hour 3 er som dei to føregåande filmane i serien med humor frå James Carter(Chris Tucker) og mange slost kamper frå Lee(Jackie Chan).

Handlinga begynner med at Lee er sikkerheits ansvarleg for den Kinesiske ambassadøren, men så vart ambassadøren skoten imens han fortel om den berykta mafia organisasjonen ”Triads”.  Lee spring etter snikskytaren heilt til eit smug, der finn han ut at det er ein gammal kjenning som han før såg på som ein bror.  Carter kjem til unnsetning akkurat tidsnok til og distrahera Lee sånn at snikskytaren kjem seg vekk.  Etter eit forhør av ein annen leigemordarar som skulle fullføre jobben med og drepe ambassadøren finn Lee og Carter plutseleg ut at dei skal reise til Paris for og komme til buns i saken og drepe den som står bak mordforsøka, noko dei lova dottera til ambassadøren.

Masse gamle vitsar som passar bra, men litt lite action frå Jackie Chan.  Eg syntes og taxi sjåføren dei hadde då dei var i Paris var ein flott karakter som eg syntes burde fått meir plass i filmen, var sikkert noko som blei klypt vekk under redigering sidan dei har med møkje historie av han i filmen.


Ein morosam film å sjå når ein vil sjå akkurat ein slik type film, action og humor blanda,  ikkje utanom.

Vurdering:  4/10

http://imdb.com/title/tt0210945/

RTT cover

Remember The Titans er basert på ei sann historie frå tidleg på 1970-talet. T.C. Williams High School har akkurat fjerna forbudet mot svarte folk på skulen. Då vert trenaren Herman Boone (Denzel Washington) ansatt som trenar. Då forbudet nett er fjerna, er det ikkje alle som heeeeilt har godteke det.

Du merkar godt kor mykje fordommar det var på den tida. Svarte hadde fordommar mot kvite og omvendt.

I filmen har du ei god samling skodespelarar, som Donald Faison (Turk i Scrubs), Ethan Suplee (Randy i My Name Is Earl), Kip Pardue (Thirteen) osb.

Vurdering: 7/10

Tom Hanks

IMdB: http://imdb.com/name/nm0000158/

Då eg var yngre var eg aldri imponert over Tom Hanks. Akkurat kvifor kan eg ikkje forstå, for han er ein heilt suveren skodespelar! Har kanskje bare vore så enkelt at eg ikkje såg så mange filmar med han i då, eller bare at eg ikkje tenkte noko over det.

Uansett, Tom Hanks er klart ein av dei beste skodespelarane eg veit om. Han er ikkje sånn type som Robert De-Niro, som er heeeeilt suveren i rolla som ein og anna gangster. Altså ikkje spesialisert seg på eitt felt. Han er heller god på forskjellige områder, som i Forrest Gump, korleis i all verda går det an å spele så bra?! Det er jo heilt motsatt av den tøffe rolla han har i Saving Private Ryan. Også har du jo Terminalen. Der er han igjen ein lettare spesiell type. Så har du Road To Perdition, der han igjen har ei heeeilt anna rolle. Eller Catch Me If You Can.

Poenget mitt er at han er utruleg dyktig på forskjellige områder, istaden for å bare spesialisere seg på eitt enkelt område. Det viser kor utruleg dyktig skodespelar han er!

EFA cover

IMdB: http://imdb.com/title/tt0079116/

I denne filmen har du Clint Eastwood i sine glansdagar i rolla som Frank Morris, ein innsatt i fengselet Alcatraz utanfor San Fransisco. Filmen er basert på den sanne historien om då han var den einaste som nokon gong har rømt frå Alcatraz, det mest frykta fengselet i verda. Her må Frank Morris ha minst to varme dusjar i veka, noko som er regel for at fangane ikkje skal venne seg til kulde. Grunnen til det er at dei ikkje skal klare å svømme i det iskalde vatnet rundt øya i eit fluktforsøk.

Allereie tidleg i filmen set Frank seg i respekt ved å gi den største karen i fengselet, Wolf litt juling, då han ville ha Frank som si hore. Frank her heilt vrak etter han har vore på D-blokka etter den andre slosskampen med Wolf.

Ein innsatt, Doc, klikker heilt vinkel då han vert fråteken retten til å måle bileter i fengselet. Grunnen var at han hadde måla eit bilete av fengselsinspektøren. Han tek ei øks på snekkerverkstaden og hoggar av seg fingrane foran augene til ein vakt.

Med ein negleklyppar byrjar han den store flukten ved å øydeleggje muren rundt luftekanalen til cella si.

Det er ikkje god biletekvalitet på filmen, men det er ikkje kvaliteten på biletet du ser på når du skal sjå ein godfilm frå slutten på 70-talet! Heller ikkje lydsporet. Men filmen er KLART ein av dei betre filmane eg har sett!

Vurdering: 8/10

IMdb: http://imdb.com/title/tt0086250/Scarface

Scarface er sitt på som verdens beste mafia film utanom gudfaren, etter å ha sitt den var det ikkje tvil frå mi sida. Trur denne legger seg høgt på beste filmane eg nokon gong har sitt.

Filmen handle om Tony Montana(Al Pacino) ein Kubansk flykting som på Kuba eigentleg satt i fengsel, men då Fidel Castro tok makta sendte han alle så satt i fengsel med alle flyktningane så flykta til USA. Først blir alle flyktningane plassert i ein flyktningleir sidan dei ikkje har lov til og jobba i USA, Tony får eit tilbod om å drepe ein politisk fange for så og få jobb og opphaldsløyve. Han grip denne sjansen og får jobb hos mafiabossen som gav han oppdraget, han stig fort i rank og prøver heila tida og ta over for den fungerande bossen.

Dette er ein klassikar som alle burde sjå, den har møkje ”action” og møkje dybde.

Vurdering: 10/10

IMdb: http://imdb.com/title/tt0418279/Transformers

Forventningane mine til denne filmen var at da heila skulle vera ein barnefilm utan skikkeleg plot og dårleg humor. Eg tok feil…

Filmen handlar sjølvklart om dei utanomjordiske robotane som slost mellom kvarandre. Dei er delt i to der eine sida slost for å ta over verden(decepticon) og den andre sida for å stoppe dei andre med å ta over verden(autobots). Men i tillegg handlar det om ein gut som stammer ned i frå ein som utforska Arktis som fant leiaren til decepticon(megatron) nedfrossen i isen, også brukte megatron noko av sine siste krefter for å inngravere eit kart om kvar han var i brillene hans slik at undersåttene hans kunne finne han.

Heile filmen blir fortalt med klare skilje mellom god og ond, einaste er militæret som i byrjinga virke veldig forvirra kven som er gode og onde. Resten av filmen innehald konstant ”action” av beste slag. På grunn av alt som skjer miste filmen mykje dybde, så dette er ein film å sjå når ein er sløv og ikkje kommer til å få med seg meininga likevel frå ein ”djupare” film.

Anbefales til alle som likar skikkelege “action” filmar og ikkje har noko imot sci-fi.

Vurdering: 7/10

 Knocked up coverIMdB: http://imdb.com/title/tt0478311/ 

…Blablabla… Blondine vert gravid…blablabla… “I’ve just decided to keep the baby”…. osb.

Altså, standard jentefilm. Forstår ikkje kvifor det var så mykje omtale om denne filmen. Greitt nok, det er nokre morosame ting her og der, men det er det alltid i ein komedie. Men alt er så klissete..! Dei hadde ein eigen vri på ein del ting, men ikkje godt nok til at eg vil anbefale filmen. Men så er ikkje eg personen som likar jentekomediar heller.. Grunnen til at eg såg filmen var for å finne ut kvifor det var så mykje blest om filmen. I tillegg til at Malin ville sjå den ;)

Klart ein film eg ikkje vil anbefale for nokon.

Vurdering: 3/10

IMdb:  http://imdb.com/title/tt0371739/The Zodiac cover

The Zodiac handlar om ein seriemordar som drap i årevis men blei aldri tatt da det aldri blei funne sikre bevis, og korleis dei sjuke drapa har innverknad på livet til etterforskaren(Justin Chambers) på saka, og heile politidistriktet.

Etterforskaren begynner med og ha eit flott liv med kone og ein son, men da han får Zodiac saken begynner livet hans og rakne da familien føler seg utrygge med ein drapsmann på frifot i sin eigen by. Dette forstår etterforskaren og han får enda fleire problem da det ikkje er nokon sikre bevis i saka.

Dette var ein middels film då det eigentleg ikkje er noko handling i filmen bare dei få forstyrrande scenene med The Zodiac får filmen til og bli uthaldene.

vurdering: 4/10

Dette er den gamle versjonen av The Zodiac noko eg ikkje fant ut før eg hadde sitt denne.(den nye versjonen heitar ”Zodiac”)

taxi 4 cover

IMdB: http://www.imdb.com/title/tt0804540/

Jepp, måtte sjå ein totalt useriøs film.

Fotballspelaren Cissè får politieskorte til ein kamp, og eskorten krasjar i ein brannbil. Då kjem Daniel Morales med blandinga av ein Peugeot og eit Concorde-fly. Han har 8 minutter på seg til å få Cissè på banen.

Den gamle scenen frå Blues-Brothers der politibilane krasjar i kvarandre og havnar i haugar, går igjen fleire gongar i filmen. Fantasilaust.

Altså, dette her er ikkje ein film du ser visst du vil SJÅ ein film. Dette er ein film du har i bakgrunnen medan du pratar konstant med kompisar. Evt når du er overtrøytt. Det er ein del morosame kommentarar i filmen, men den er ikkje verdt å sjå.

Vurdering: 2/10

U-571 coverIMdB: http://imdb.com/title/tt0141926/

Må først og fremst seie at eg alltid vert imponert av filmar som med forskjellige språk i filmen. Her er det tysk og amerikansk/engelsk.

Filmen går ut på at amerikanarane har “kledd ut” ubåten som ein tysk ubåt. Den tyske ubåten U-571 har fått motorstopp, og har ikkje mekanikarar om bord som kan fikse motoren. Amerikanarane har med seg ein halvt tysk mann som tar seg av snakkinga heilt til tyskarane skjønar at det er ei felle. Grunnen til at amerikanarane vil ha ubåten er at den har “Enigma”-kodemaskina ombord, og visst amerikanarane får takk i den har dei moglegheit til å finne tyske ubåtar under vatn. Den amerikanske ubåten får ein torpedo i sida frå ein anna tysk ubåt, og vert nødde til å bruke U-571 for å komme seg til land. Med “Enigma”-kodemaskina i god behald.

Effektane i filmen er ikkje noko spesielt gode.. Når det er mørkt over havet så er det lyst under vatnet.. 3d-arbeidet dei har hatt med å konstruere ubåtane når dei er under vatn er ikkje så veldig gjennomførte, ellers greie effektar. Filmen er heller ikkje djup, som passer bra på ein slik film. Mykje god action!

Vurdering: 6/10

HD-logo Jepp, då var det liv i HTPC’en min igjen.. Eller, det er jo forsåvidt ein ny HTPC.. Har eit Sapphire Radeon X1650PRO HD-skjermkort med 512 ram osb, 1024 ram (foreløpig.. Får sjå om det eg treng meir med tida..), MSI hovudkort, AMD 64 x2 5000+ prosessor, Papst stillegåande vifter, og ikkje minst tilsaman 1,4 TB lagringsplass. Her er det klart for kjøring av HD-materiale! Har satt den opp med ffdshow og alt anna eg treng for å kjøre HD med best resultat. (som eg veit om)

Det er ein del forskjell på denne og den gamle HTPC’en, men kan tru det var frustrerande at prosessoren gjekk i det akkurat når eg hadde fått konfigurert forskjellige codec, ffdshow osb.. Ca 1 veke etter at eg fekk den opp å gå slik at den kjørte HD-materiale finfint, så røyk den.

Men har jo betre HTPC no, så bør vel eigentleg vera fornøgd :)

Next Page »