Band Of Brothers cover

IMdB: http://imdb.com/title/tt0185906/

Band Of Brothers er basert på boka “Band Of Brothers” av krigshistorikaren Stephen Ambrose. Miniserien/filmen er noko klart for seg sjølv, noko heilt utanom det vanlege. Det gjeld både effektar, manuskript, histore, eigentleg alt. Det er ikkje spart på noko! Produksjonen av serien kosta over 120 mill dollar! Produsenten er HBO, som også er kjent for å produsere Sopranos, The Wire, Rome og andre gode seriar.

Band Of Brothers scene

Nokon meiner at det er feil å ha David Schwimmer i ei rolle som ein beinhard kaptein, og eg er delvis enig. Det var veldig uvant i byrjinga når du forbinder han med den geniale serien Friends, men du må bare gløyme at du “kjenner” han frå før. Han spelar heilt fantastist i rolla som Capt. Herbert Sobel! Ellers så er dei fleste skodespelarane relativt ukjente. Nokon kjenner kanskje 2nd Lt. C. Carwood Lipton (Donnie Wahlberg) frå Saw 2, der han spelte rolla som Eric Matthews.

Må innrømme at noko av det kulaste i heile serien er effektane! Meir realistiske effektar (skuddsår, blod, gørr osb) skal du leite lenge etter! Har du ikkje sett denne serien, så har du klart gått glipp av noko av det største i film/serie verda!

Vurdering: 10/10