Lenke: MediaPortal
Jepp, som ein del kompisar har fått med seg, så har straumforsyninga til Jan Anders no øydelagd media-pcen min. Så no er det bestilt litt naudsynte delar, som Athlon 64 X2 5000+, Geforce skjermkort (HD-kort), Chieftec straumforsyning (400w), 1024 DDR2-ram (kjem meir med tida), 2x 250GB sata-diskar og eit MSI hovudkort.
Så no har eg gode 1,5 TB på mediapcen..! Med ein gong delane mine kjem, så skal eg byrje å kopiere alle cdplatene mine til flac-filer på pcen!
Av programvare så skal det kjørast MediaPortal med K-lite codec-pack (Ja, den er G-E-N-I-A-L visst du set den rett opp). Må seie eg er imponert over MediaPortal. Det er så mykje meir moglegheitar enn du får i WMC!! (Windows Media Center)
Forslag frå ein lettare tilbakeståande Øystein: Last ned MediaPortal! Det er gratis! det er bra! Det er det beste mediaprogrammet gjennom tidene!
