Dette her er KLART ein av verdas beste filmar. Ein av dei mest ærlege filmane gjennom tidene! Ein del som har sett filmen misliker den akkurat på grunn av det. Men er du glad i filmar som viser deg dei fleste sidene av eit slag, så er denne filmen klart noko for deg. For dei som ikkje har sett filmen, så handlar den om D-Dagen, slaget ved Normandie. Menig Ryan er stasjonert bak tyskarane sine linjer, han må reddast. Grunnen til at amerikanarane er så opptekne av å redde han, er på grunn av at brørne hans har døydd i krigen, og han er den siste som er att i syskjenflokken. Den amerikanske hæren ynskjer ikkje at heile syskjenflokken skal døy. Det vil dei ikkje utsetje mor deira for.
Tom Hanks speler i filmen ei suveren rolle som Capt. John H. Miller, klart den perfekte mannen for rolla. Andre kjente skodespelarar i filmen er Vin Diesel, som mange kjenner frå filmar som xXx, The Fast And The Furious, Knockaround Guys osb. Så har du Tom Sizemore, som har spela i filmar som Pearl Harbour, Black Hawk Down osb, Matt Damon, som du kjenner att frå The Bourne Identity, The Departed, Oceans Eleven osb.
Med andre ord, her har du ei god samling av gode skodespelarar, som viser deg kva som skjedde i Andre Verdskrig, Normandie.
Vurdering: 9/10