HD-logo Jepp, då var det liv i HTPC’en min igjen.. Eller, det er jo forsåvidt ein ny HTPC.. Har eit Sapphire Radeon X1650PRO HD-skjermkort med 512 ram osb, 1024 ram (foreløpig.. Får sjå om det eg treng meir med tida..), MSI hovudkort, AMD 64 x2 5000+ prosessor, Papst stillegåande vifter, og ikkje minst tilsaman 1,4 TB lagringsplass. Her er det klart for kjøring av HD-materiale! Har satt den opp med ffdshow og alt anna eg treng for å kjøre HD med best resultat. (som eg veit om)

Det er ein del forskjell på denne og den gamle HTPC’en, men kan tru det var frustrerande at prosessoren gjekk i det akkurat når eg hadde fått konfigurert forskjellige codec, ffdshow osb.. Ca 1 veke etter at eg fekk den opp å gå slik at den kjørte HD-materiale finfint, så røyk den.

Men har jo betre HTPC no, så bør vel eigentleg vera fornøgd :)