U-571 coverIMdB: http://imdb.com/title/tt0141926/

Må først og fremst seie at eg alltid vert imponert av filmar som med forskjellige språk i filmen. Her er det tysk og amerikansk/engelsk.

Filmen går ut på at amerikanarane har “kledd ut” ubåten som ein tysk ubåt. Den tyske ubåten U-571 har fått motorstopp, og har ikkje mekanikarar om bord som kan fikse motoren. Amerikanarane har med seg ein halvt tysk mann som tar seg av snakkinga heilt til tyskarane skjønar at det er ei felle. Grunnen til at amerikanarane vil ha ubåten er at den har “Enigma”-kodemaskina ombord, og visst amerikanarane får takk i den har dei moglegheit til å finne tyske ubåtar under vatn. Den amerikanske ubåten får ein torpedo i sida frå ein anna tysk ubåt, og vert nødde til å bruke U-571 for å komme seg til land. Med “Enigma”-kodemaskina i god behald.

Effektane i filmen er ikkje noko spesielt gode.. Når det er mørkt over havet så er det lyst under vatnet.. 3d-arbeidet dei har hatt med å konstruere ubåtane når dei er under vatn er ikkje så veldig gjennomførte, ellers greie effektar. Filmen er heller ikkje djup, som passer bra på ein slik film. Mykje god action!

Vurdering: 6/10