Forventningane mine til denne filmen var at da heila skulle vera ein barnefilm utan skikkeleg plot og dårleg humor. Eg tok feil…
Filmen handlar sjølvklart om dei utanomjordiske robotane som slost mellom kvarandre. Dei er delt i to der eine sida slost for å ta over verden(decepticon) og den andre sida for å stoppe dei andre med å ta over verden(autobots). Men i tillegg handlar det om ein gut som stammer ned i frå ein som utforska Arktis som fant leiaren til decepticon(megatron) nedfrossen i isen, også brukte megatron noko av sine siste krefter for å inngravere eit kart om kvar han var i brillene hans slik at undersåttene hans kunne finne han.
Heile filmen blir fortalt med klare skilje mellom god og ond, einaste er militæret som i byrjinga virke veldig forvirra kven som er gode og onde. Resten av filmen innehald konstant ”action” av beste slag. På grunn av alt som skjer miste filmen mykje dybde, så dette er ein film å sjå når ein er sløv og ikkje kommer til å få med seg meininga likevel frå ein ”djupare” film.
Anbefales til alle som likar skikkelege “action” filmar og ikkje har noko imot sci-fi.
Vurdering: 7/10
