![]()
I denne filmen har du Clint Eastwood i sine glansdagar i rolla som Frank Morris, ein innsatt i fengselet Alcatraz utanfor San Fransisco. Filmen er basert på den sanne historien om då han var den einaste som nokon gong har rømt frå Alcatraz, det mest frykta fengselet i verda. Her må Frank Morris ha minst to varme dusjar i veka, noko som er regel for at fangane ikkje skal venne seg til kulde. Grunnen til det er at dei ikkje skal klare å svømme i det iskalde vatnet rundt øya i eit fluktforsøk.
Allereie tidleg i filmen set Frank seg i respekt ved å gi den største karen i fengselet, Wolf litt juling, då han ville ha Frank som si hore. Frank her heilt vrak etter han har vore på D-blokka etter den andre slosskampen med Wolf.
Ein innsatt, Doc, klikker heilt vinkel då han vert fråteken retten til å måle bileter i fengselet. Grunnen var at han hadde måla eit bilete av fengselsinspektøren. Han tek ei øks på snekkerverkstaden og hoggar av seg fingrane foran augene til ein vakt.
Med ein negleklyppar byrjar han den store flukten ved å øydeleggje muren rundt luftekanalen til cella si.
Det er ikkje god biletekvalitet på filmen, men det er ikkje kvaliteten på biletet du ser på når du skal sjå ein godfilm frå slutten på 70-talet! Heller ikkje lydsporet. Men filmen er KLART ein av dei betre filmane eg har sett!
Vurdering: 8/10