![]()
Då eg var yngre var eg aldri imponert over Tom Hanks. Akkurat kvifor kan eg ikkje forstå, for han er ein heilt suveren skodespelar! Har kanskje bare vore så enkelt at eg ikkje såg så mange filmar med han i då, eller bare at eg ikkje tenkte noko over det.
Uansett, Tom Hanks er klart ein av dei beste skodespelarane eg veit om. Han er ikkje sånn type som Robert De-Niro, som er heeeeilt suveren i rolla som ein og anna gangster. Altså ikkje spesialisert seg på eitt felt. Han er heller god på forskjellige områder, som i Forrest Gump, korleis i all verda går det an å spele så bra?! Det er jo heilt motsatt av den tøffe rolla han har i Saving Private Ryan. Også har du jo Terminalen. Der er han igjen ein lettare spesiell type. Så har du Road To Perdition, der han igjen har ei heeeilt anna rolle. Eller Catch Me If You Can.
Poenget mitt er at han er utruleg dyktig på forskjellige områder, istaden for å bare spesialisere seg på eitt enkelt område. Det viser kor utruleg dyktig skodespelar han er!