Filmen handlar om ein FBI agent som prøver og ta mordaren som drap partneren hans for tre år sidan. Denne leigemordaren kalla Rogue får i oppdrag av triad å stele to antikk gullhestar frå rival mafiaen ” Yakuza”. Men det viser seg at Rogue har andre planar en å gjere alt slik som hans oppdragsgjevar seier.
Ein utruleg god grunn til og sjå denne filmen er rett og slett at hovudrollene i filmen er Jet LI og Jason Statham, to kjente skodespelarane som kvar for seg har lagd mange geniale filmar. Dette er ein film fullspekka med action og lite snakk. Men filmen blir og veldig Hollywood, da ein raskt skjønnar korleis filmen sluttar og kva som kjem til å skje.
Dersom ein er litt meir vaken så anbefaler eg å sjå ”Chaos” frå 2005 også der spelar Jason Staham i hovudrolla, noko liknande manus men mykje djupare og mykje mindre forutsjåande.
Vurdering: 5/10