Det heile begynner med at James Caviezel, som spelar seg sjølv, vaknar opp etter det som ser ut som ein slåstkamp, og rundt han er det masse bevisstlause personar som han ikkje har noko minne av og sett før han hugsar heller ikkje noko anna. Han begynner og kikke rundt og finner fort ut at dei er låst inn i eit slags forlate lager og det er ingen vei ut. Ein telefon ringer i eit slags kontor han tar den og mannen i andre enden begynner og spør om han har gjort ende på folka endå og om når dei kan komme der. Etter kvart vaknar dei andre og opp og etter litt tid finn dei ut at dei skal samarbeida for og komma seg ut av bygningen, men så finn dei ut at to av personane i bygningen er blitt bortført frå resten av personane i bygget. Dette skapar store spørsmål da ingen hugsar noko, men etter kvart begynnar dei og hugsa delar av det som har skjedd før.
Måten historia skiftar retning kvar gang nokon av dei innesperra personane får tilbake delar av hukommelsen sin skapar ein utroleg dybde, som berre kan samanliknast med framgangen i memento, dette får ein til og undra på kven som er god og kven som er ond. Dette er ein djup film som prøver og etterlikne memento i historieforteljinga utan og kopiere den heilt. Men som alle djupe filmar tar det litt tid før ein skjønar kva som skjer, men dette gjer filmen ekstra kjekk med ein gang ein skjønar det. I tillegg så er filmen for kort i forhold til alt som skjer. Mitt råd er: likar du djupe filmar, sjå denne, men eit møkje betre alternativ er memento, ein må sjå!
Twisten med denne filmen er hovudpersonen si bakgrunnshistorie som gjennom filmen skiftar mellom mot og med kidnapparane, men i slutten blir ein plutseleg forvirra då det ikkje er klart kva sia han står på; også kjem rulleteksten før me veit svaret.
Vurdering: 7/10