november 2007


http://imdb.com/title/tt0062622/space odyssey

Det å beskriva handlinga i denne filmen ser eg på som ein veldig vanskeleg oppgåve, sidan det eigentleg ikkje er det som er viktig. For denne filmen følast som heil, ikkje forskjellige scener klippet i saman etter kvart. Sjølv om begynninga på filmen kan virka veldig keisam utan møkje handling og lite dialog snur filmen plutseleg når der er omtrent ein femtedel av filmen igjen, plutseleg blir alt veldig forskjellig frå før med masse fargar som fyk rundt og forskjellige fargefilter med ting som blir filma i høg fart, ein får ein slags trong til og sjå på det fine fargeshowet nett som ein dop. Også når filmen sit klimaks med forskjellige ting som skjer der hjernen din som nettopp har blitt dopa ned av fargeshow ikkje greier og følgje skikkeleg med.

Min forklaring på filmen er at me gjennom heile filmen blir sløva ned til og tenke på det me ser og sitte rolig og avslappa gjennom heile filmen, slik at når filmen prøver og dope deg ned har du lite motstandskrefter igjen og fargeshowet bryt ned dei siste forsvarsevnene ein har, pluss ein sitt igjen og tenker på kva fargene betyr så ein blir meir og meir forvirra.  Det siste ultimata bodskapen til filmen får ein derfor trykket rett inn i hjernen utan noko hinder.

In space odysseyDette er korleis eg opplevde filmen, etter eg var ferdig å sjå filmen var eg blåst vekk, eg trur eg har forandra meg sidan før eg såg filmen, til det positive.  Eg har før tenkt på korleis ein film er djup og korleis den ikkje er så djup, men denne filmen tar kaka, og nå få filmen igjen som eg kan framleis tenkje på som djup.  Eg gjer denne filmen god karakter rett og slett sida den eg så gammal og likevel bra lagd, men det er vanskeleg og anbefale ein slik film til nokon andre då den både er utroleg keisam og i tillegg er så avansert at ein sjølv ikkje forstår den skikkeleg.

Vurdering: 9/10

http://imdb.com/title/tt1077258/Planet terror

Denne filmen viser kvifor regissørane er så viktige for at ein film skal bli bra eller dårleg.  Robert Rodriguez har skrevet ein b-film og filma den nett likt som dei gjor det før i tida med kornete bilde og plutseleg hakker det litt og mykje anna, men alt detta blir løfta opp at regien og konseptet blir kjørt gjennom heile filmen på alle måtar.

Sjølve filmen begynner med at me får sjå ein trailer til ein super-B-film kalla ”Machette”, bare for at me skal få den skikkelege kinofølelsen slik som det var før.  Resten av filmen handler om eit biologisk våpen som endå er i test fasen lekker ut og smitter heile byen, nokre få som har overlevd så langt samlar seg og prøver og finne dei som har sloppe ut gassen.  Og i klassisk b-film stil er det møkje supermenneske handlingar og mykje blod sprut gjennom heile filmen.

planet terror hkmEg meinar sjølv at dette er ein heilt utruleg genial film, den har stemninga og kjente skodespelarar som er perfekte til rollene. Og sjølv om b-filmane liknande denne var på si storheits tid før eg syntes eg detta er ein genial film for alle film entusiastar. Og detta er då ein av to filmar som i USA kjem i ein og same emballasje,  inntrykket frå denne filmen gjer at eg gler meg til og sjå tvilling filmen lagd av skjølvaste Quentin Tarantino ”Death Proof”.

Vurdering:  8/10

http://imdb.com/title/tt0829482/superbad cover

Superbad handlar om Seth(Jonah Hill) og Evan(Michael Cera) som tre veker før skule slutt blir bedne med på fest om dei skaffar sprit. Evan og Seth er bare 18år og aldersgrensa på alkohol er 21år, men kompisen deira, Fogell, har nett fått seg falsk legitimasjon. Men då han står i butikken klar til og betale blir han slått ned og sprit butikken ranet, politiet blir tilkaldt. Seth og Evan ser dette og trur det er på grunn av Fogell som blir arrestert.

Mine favorittar frå filmen er med politiet, dei driv og fortel om drømmer der dei ser sperm overalt, og klager på at fyren som robba sprit butikken ikkje sperma litt slik at politiet kunne finne han.

Dette er ein av dei betre komediane eg har sitt i da siste, og andre omtalar har skrytt denne filmen opp i skyene. Men uansett syntes eg ikkje denne filmen fortener det då eg har sitt fleire betre komediar opp gjennom årene.

Vurdering: 5/10

http://imdb.com/title/tt0799949/Epic Movie

Frå før av stiller eg meg automatisk kritisk til alle humorfilmar, spesielt dei som er lagd i USA, og denne filmen viser at ein kan lage ein film ut av gamle set og manuskript.  Alle scenane er nett dei same som i frå filmane scenen kopierer, billig men positivt, men alle vitsane og all handling har blitt brukt før, ein heil film full av spy, rap og prompe vitsar, ditta kan og sjåast positivt på for den som likar standard Hollywood ”B” – humorfilm .

Og heile handlinga er nett den same som alle dei største filmane frå det siste året bare blanda i hop.

Ein film for spesielt interesserte, då interessert i standard amerikansk humorfilm som det finnes tusen nett like kopiar av, sjølv om det var gangar gjennom filmen ei lita latterkule kom til overflaten, det er nemlig grenser for kor lenge ein haldar ut med dei tørre vitsar og forehands bestemt handling som gjev deg ingenting.  Etter og ha sett denne filmen tenker eg på ”Death at a funeral” som ein betre film, men bare litt.

Vurdering: 2/10

http://imdb.com/title/tt0050083/12 angry men cover

12 angry menFilmen handlar om tolv juri medlemmer som skal dømme om ein atten år gammal gut ska bli dømt til døden med gift sprøyte eller om han er uskyldig. Til å begynne med er dei fleste av dei sikre på at han er skyldig, men ein, spilt av Henry Fonda, meinar at guten i det minste forten at dei diskuterer saken. Og etter litt frem og tilbake visar det seg at den saken som såg klar ut ikkje er så klar lengre.

Dette var ein fantastisk film å sjå. Alt av skodespel og sjølve historia er heilt perfekt, sjølv om alt skjer i eit lite juri lokale. Sjølv om filmen kunn er i svart kvitt følast alt så ekte og så bra at ein reint gløymer det. Eg forstår godt at dette er ein klassikar, men likevel er den ikkje lika treig som dei fleste filmar som var lagd på den tida var.

Eg kan anbefala denna filmen til alle som elskar film.

Vurdering: 9/10

http://imdb.com/title/tt0795368/death at a funeral cover

Filmen begynne med at gravleggingsbyrået kjem med feil kiste til gravlegginga, også kjem den andre broren i hus og vitsar om døden til mora som sørgjer over mannen sin.  Martha på vei til gravlegginga skal innom og ta med seg bror sin, som studerer til og bli farmasøyt, i hans leilegheit finn ho ein behaldar det står valium på noko som ho gjer til kjærasten hennar som klager over håvepinen sin. Men det viser seg etter kvart at det ikkje var valium men heller eit hallusinerande dop.
Alt dette pluss ein kortvakst homofil, gnåldrette gammal gubbe, prest med dårleg tid og meir.

Filmen i kortleik virka veldig morosam og sjølv om det i kvar scene blir sete opp til at alt skap bli løye kjem aldri latter kulene.  Humoren i filmen er veldig djup, og alle er alltid alvorlege og drama delsjangeren har verkeleg overtaket på humordelen slik at det ikkje blir løye, men dramatisk.

Eg vel og gje denne filmen dårleg vurdering då eg ikkje har heilt sansen for humorfilmar og spesielt ikkje humordramafilmar.

Vurdering: 3/10

http://imdb.com/title/tt0404390/Running scared cover

Etter at ein dop handel går i vasken og ein korrupt politimann blir drepen får Joey Gazelle (Paul Walker) ansvaret med og kaste vekk revolveren som drap politimannen.  Men i staden for og kaste pistolen lagrar han den i kjellaren sin saman med sjukt mange andre våpen.  Son hans og naboguten ser dette og naboguten tar revolveren og bruker den mot den voldlege far sin.
Joey høyrer dette og skjønner fort at det er det same våpenet som tidlegare på dagen har blit brukt til og drepe ein politimann med.  Han kjøre fort ut på jakt etter naboguten som har rømt frå heimen.

Running Scared hovudrolla

Ein sjuk historie, med alt i frå pedofile til uteliggarar og hallikka, som skifter og snur gjennom heile filmen, noko som regissøren taklet godt utanom heilt i slutten då mange avslørande detaljer kjem på rekke og rad, der er den viktigaste detaljen nesten klippet vekk før hovudpersonen seier det.

Eg syntes dette var ein veldig god film som kunne blitt genial men nokre få glipp her og der gjer at den ikkje blir så god som den kunne blitt.  Historia går fram rask og det er massevis av action så ein kjeder seg aldri når ein ser på filmen.

Vurdering: 5/10

http://imdb.com/title/tt0431197/ The Kingdom cover

Filmen startar med eit lite samandrag av historia til Saudia Arabia og USA si påverking av landet.  Sidan USA er den største forbrukaren av olje i verda og Saudi Arabia er den største produsenten er dei to sterkt knytt, og derfor har USA store styrker der for og oppretthalde ro og orden.

Dette tek oss til eit område der det kunn bur Amerikanarar som jobbar med olje og som har ekstremt vakthald av den Saudi Arabiske sikkerheits garden. Ein fredleg dag spelar bebuarane ein softball kamp seg imellom då plutseleg ein bil med to terroristar kjørar rundt og skyt alt og alle rundt dei, dei har komme seg inn på området sidan dei har fått tak i nokre sikkerheits uniformer.  I panikken spring alle vekk frå dei som skyt og folkemengda blir meir samla og midt oppi dei er det ein til uniformert sikkerheits vakt som sprengar seg sjølv, noko som drep ekstremt mange.  Nokre timar seinare driv hjelpearbeidarane og hjelp såra og fraktar døde då endå ein større eksplosjon drep endå meir.
 I USA tek FBI saka, som har ansvar for alle angrep retta spesielt mot Amerikanara , og teamet som har fått jobben for flyforbod frå ein Saudi Arabiske diplomat.  Ledaren for teamet, Ronald Fleury (Jamie Foxx), vil gjerna finna den ansvarlege for terror angrepa spesielt sidan ein av hans nærmaste venner blei drepen i den siste eksplosjonen, og han tyr da til utradisjonelle metodar for og få reist til landet.

The KingdomFør eg såg filmen hadde eg lese at det var ein action fult film og eg fekk inntrykk av at den mangla på historie. Men utanom begynninga og heilt i slutten var det ikkje for mykje action, men meir om forskjellige overordna som sto i vegen for at teamet i det heile skulle få gjort ein einaste ting i etterforskinga.  Måten filmen ble filma kan lett samanliknast med Bourne filmane der ein ofte føler seg som ein person blant dei andre, ein som skodespelarane ikkje tenker på da dei kanskje stiller seg framfor  deg slik at du må flytte deg for og kunne sjå kva som skjer, noko som gir filmen ein ekstra dimensjon då ein er enda meir inni filmen.  Det virke og som om at regissørane prøvde og lage ein kjapp og enkel action film ut i frå eit djup og avansert manus, noko som gjer at filmen får med seg ting i frå begge deler, filmen er både kjapp samtidig som den er avansert og den har djup action.

Ein må sjå.

Vurdering:  7/10