http://imdb.com/title/tt0431197/ The Kingdom cover

Filmen startar med eit lite samandrag av historia til Saudia Arabia og USA si påverking av landet.  Sidan USA er den største forbrukaren av olje i verda og Saudi Arabia er den største produsenten er dei to sterkt knytt, og derfor har USA store styrker der for og oppretthalde ro og orden.

Dette tek oss til eit område der det kunn bur Amerikanarar som jobbar med olje og som har ekstremt vakthald av den Saudi Arabiske sikkerheits garden. Ein fredleg dag spelar bebuarane ein softball kamp seg imellom då plutseleg ein bil med to terroristar kjørar rundt og skyt alt og alle rundt dei, dei har komme seg inn på området sidan dei har fått tak i nokre sikkerheits uniformer.  I panikken spring alle vekk frå dei som skyt og folkemengda blir meir samla og midt oppi dei er det ein til uniformert sikkerheits vakt som sprengar seg sjølv, noko som drep ekstremt mange.  Nokre timar seinare driv hjelpearbeidarane og hjelp såra og fraktar døde då endå ein større eksplosjon drep endå meir.
 I USA tek FBI saka, som har ansvar for alle angrep retta spesielt mot Amerikanara , og teamet som har fått jobben for flyforbod frå ein Saudi Arabiske diplomat.  Ledaren for teamet, Ronald Fleury (Jamie Foxx), vil gjerna finna den ansvarlege for terror angrepa spesielt sidan ein av hans nærmaste venner blei drepen i den siste eksplosjonen, og han tyr da til utradisjonelle metodar for og få reist til landet.

The KingdomFør eg såg filmen hadde eg lese at det var ein action fult film og eg fekk inntrykk av at den mangla på historie. Men utanom begynninga og heilt i slutten var det ikkje for mykje action, men meir om forskjellige overordna som sto i vegen for at teamet i det heile skulle få gjort ein einaste ting i etterforskinga.  Måten filmen ble filma kan lett samanliknast med Bourne filmane der ein ofte føler seg som ein person blant dei andre, ein som skodespelarane ikkje tenker på da dei kanskje stiller seg framfor  deg slik at du må flytte deg for og kunne sjå kva som skjer, noko som gir filmen ein ekstra dimensjon då ein er enda meir inni filmen.  Det virke og som om at regissørane prøvde og lage ein kjapp og enkel action film ut i frå eit djup og avansert manus, noko som gjer at filmen får med seg ting i frå begge deler, filmen er både kjapp samtidig som den er avansert og den har djup action.

Ein må sjå.

Vurdering:  7/10