Etter at ein dop handel går i vasken og ein korrupt politimann blir drepen får Joey Gazelle (Paul Walker) ansvaret med og kaste vekk revolveren som drap politimannen. Men i staden for og kaste pistolen lagrar han den i kjellaren sin saman med sjukt mange andre våpen. Son hans og naboguten ser dette og naboguten tar revolveren og bruker den mot den voldlege far sin.
Joey høyrer dette og skjønner fort at det er det same våpenet som tidlegare på dagen har blit brukt til og drepe ein politimann med. Han kjøre fort ut på jakt etter naboguten som har rømt frå heimen.
Ein sjuk historie, med alt i frå pedofile til uteliggarar og hallikka, som skifter og snur gjennom heile filmen, noko som regissøren taklet godt utanom heilt i slutten då mange avslørande detaljer kjem på rekke og rad, der er den viktigaste detaljen nesten klippet vekk før hovudpersonen seier det.
Eg syntes dette var ein veldig god film som kunne blitt genial men nokre få glipp her og der gjer at den ikkje blir så god som den kunne blitt. Historia går fram rask og det er massevis av action så ein kjeder seg aldri når ein ser på filmen.
Vurdering: 5/10