November 16, 2007
http://imdb.com/title/tt0799949/
Frå før av stiller eg meg automatisk kritisk til alle humorfilmar, spesielt dei som er lagd i USA, og denne filmen viser at ein kan lage ein film ut av gamle set og manuskript. Alle scenane er nett dei same som i frå filmane scenen kopierer, billig men positivt, men alle vitsane og all handling har blitt brukt før, ein heil film full av spy, rap og prompe vitsar, ditta kan og sjåast positivt på for den som likar standard Hollywood ”B” - humorfilm .
Og heile handlinga er nett den same som alle dei største filmane frå det siste året bare blanda i hop.
Ein film for spesielt interesserte, då interessert i standard amerikansk humorfilm som det finnes tusen nett like kopiar av, sjølv om det var gangar gjennom filmen ei lita latterkule kom til overflaten, det er nemlig grenser for kor lenge ein haldar ut med dei tørre vitsar og forehands bestemt handling som gjev deg ingenting. Etter og ha sett denne filmen tenker eg på ”Death at a funeral” som ein betre film, men bare litt.
Vurdering: 2/10