November 21, 2007
Planet Terror
Posted by Joar under Action, Horror, Sci-Fi, Thriller | Tags: Quentin Tarantino, Robert Rodriguez |http://imdb.com/title/tt1077258/
Denne filmen viser kvifor regissørane er så viktige for at ein film skal bli bra eller dårleg. Robert Rodriguez har skrevet ein b-film og filma den nett likt som dei gjor det før i tida med kornete bilde og plutseleg hakker det litt og mykje anna, men alt detta blir løfta opp at regien og konseptet blir kjørt gjennom heile filmen på alle måtar.
Sjølve filmen begynner med at me får sjå ein trailer til ein super-B-film kalla ”Machette”, bare for at me skal få den skikkelege kinofølelsen slik som det var før. Resten av filmen handler om eit biologisk våpen som endå er i test fasen lekker ut og smitter heile byen, nokre få som har overlevd så langt samlar seg og prøver og finne dei som har sloppe ut gassen. Og i klassisk b-film stil er det møkje supermenneske handlingar og mykje blod sprut gjennom heile filmen.
Eg meinar sjølv at dette er ein heilt utruleg genial film, den har stemninga og kjente skodespelarar som er perfekte til rollene. Og sjølv om b-filmane liknande denne var på si storheits tid før eg syntes eg detta er ein genial film for alle film entusiastar. Og detta er då ein av to filmar som i USA kjem i ein og same emballasje, inntrykket frå denne filmen gjer at eg gler meg til og sjå tvilling filmen lagd av skjølvaste Quentin Tarantino ”Death Proof”.
Vurdering: 8/10
November 21, 2007 at 22:17
Planet Terror er pur moro, god moro!
November 21, 2007 at 23:29
nett da, alt er så genialt ironisk samtidigt som det er utrolegt seriøst