December 2007


God Jul
Og må alle dykkar presanger vera harde og innhalde mykje film og lignade

http://imdb.com/title/tt0385752/

tgc coverPlot henta frå imdb: ”In a parallel universe, young Lyra Belacqua journeys to the far North to save her best friend and other kidnapped children from terrible experiments by a mysterious organization.”

Eg har sitt nokre trailers frå denne filmen før og eg har alltid tenkt eg skulle sjå denne med ein gang den kom ut.  Men på verdspremieren var det få personar i kino salen, va vist få som hadde sitt same reklame som meg.

Filmen begynte litt treigt og me fekk innsyn i livet til nokon  som bur i eit parallelt univers, der sjela ikkje bur inni kroppen til folka, men går attmed personen i skikkelsen av eit dyr.  Sjølv om det tar tid før reisa byrjar er det meste lika forvirrande, eg trur dei som har lest boka har det lettare og forstå handlinga.  Men det som trekker ned filmen ekstremt er slutten, då dei endeleg har begynt og få ting til og det virke som om det er snart slutt på reisa.  Plutseleg sluttar filmen med at hovudpersonen seier at no skal dei angripe dei som vil hærta alt og alle.  Ein meir idiotisk slutt må ein gå heilt tilbake til Matrix Reloaded, der fansen blei forbanna og filmen blei ein flopp.

Vurdering: 5/10

http://imdb.com/title/tt0401997/

breach coverPlot henta frå imdb: ”Plot Outline: Based on the true story, FBI upstart Eric O’Neill enters into a power game with his boss, Robert Hanssen, an agent who was ultimately convicted of selling secrets to the Soviet Union.”

Det eg tenkte om filmen før eg såg den var at det var ein vanleg liksompolitisk med mykje action film, men da viste seg at filmen nesten ikkje har noko action, men mykje drama og tanke spel der Hanssen lyg om nesten alt han seier.

Eg syntes at filmen greier og halde meg interessert og filmen virke ikkje lang sjølv om spenninga er på eit minimum jamt over. Men det filmen eigentleg handlar om er korleis FBI set 50 personar dag og natt over ein lang periode for og finne noko dei kunne ta Hanssen på, sjølv om dei allereie hadde bevis på at han hadde seld informasjon til fienden.

Vurdering: 5/10