Plot henta frå imdb: ”In a parallel universe, young Lyra Belacqua journeys to the far North to save her best friend and other kidnapped children from terrible experiments by a mysterious organization.”
Eg har sitt nokre trailers frå denne filmen før og eg har alltid tenkt eg skulle sjå denne med ein gang den kom ut. Men på verdspremieren var det få personar i kino salen, va vist få som hadde sitt same reklame som meg.
Filmen begynte litt treigt og me fekk innsyn i livet til nokon som bur i eit parallelt univers, der sjela ikkje bur inni kroppen til folka, men går attmed personen i skikkelsen av eit dyr. Sjølv om det tar tid før reisa byrjar er det meste lika forvirrande, eg trur dei som har lest boka har det lettare og forstå handlinga. Men det som trekker ned filmen ekstremt er slutten, då dei endeleg har begynt og få ting til og det virke som om det er snart slutt på reisa. Plutseleg sluttar filmen med at hovudpersonen seier at no skal dei angripe dei som vil hærta alt og alle. Ein meir idiotisk slutt må ein gå heilt tilbake til Matrix Reloaded, der fansen blei forbanna og filmen blei ein flopp.
Vurdering: 5/10