February 1, 2008
IMdB: http://imdb.com/title/tt0059263/
Dette er klart ein av favorittfilmane mine. Ikkje pga eit mindre bra skodespel, men pga handlinga. Enormt god handling i filmen, men det er kanskje noko berre eg synst, då eg er svært interessert i krigshistorie. Filmen er jo basert på den sanne historia om då tungtvannsanlegget på Rjukan vart sabotert i 1943.
I hovudrolla som Dr. Rolf Pedersen, har du Kirk Douglas som dei fleste kjenner til. I rolla som Knut Straud, har du Richard Harris, som har spelt i filmar som Harry Potter, Gladiator osb.
Eg vil klart anbefale filmen for alle som er intressert i krigshistorie frå Noreg! Vil igrunn og anbefale den til alle som ikkje seier nei takk til ein god film
Karakter: 9/10
February 2, 2008 at 0:14
Boka Kampen om tungtvannet er kanskje ein av favorittbøkene mine, som er lest fleire gonger, denne filmen når ikkje så høgt opp for min del, men som du seier så er handlinga upåklageleg. Så eg vil eigentleg berre ta å anbefale deg boka, om du ikkje har lese den.
February 2, 2008 at 0:15
Det var eg som posta innlegget over, med feil konto. Sorry.
February 2, 2008 at 0:47
kan ikkje innrømme eg er noko ivrig boklesar :p Einaste boka eg har lest ferdig er Raidet mot Stordø Kisgruber av Arnfinn Haga.. Andre bøker har bare blitt uinteressante.