Eventyr


http://imdb.com/title/tt0385752/

tgc coverPlot henta frå imdb: ”In a parallel universe, young Lyra Belacqua journeys to the far North to save her best friend and other kidnapped children from terrible experiments by a mysterious organization.”

Eg har sitt nokre trailers frå denne filmen før og eg har alltid tenkt eg skulle sjå denne med ein gang den kom ut.  Men på verdspremieren var det få personar i kino salen, va vist få som hadde sitt same reklame som meg.

Filmen begynte litt treigt og me fekk innsyn i livet til nokon  som bur i eit parallelt univers, der sjela ikkje bur inni kroppen til folka, men går attmed personen i skikkelsen av eit dyr.  Sjølv om det tar tid før reisa byrjar er det meste lika forvirrande, eg trur dei som har lest boka har det lettare og forstå handlinga.  Men det som trekker ned filmen ekstremt er slutten, då dei endeleg har begynt og få ting til og det virke som om det er snart slutt på reisa.  Plutseleg sluttar filmen med at hovudpersonen seier at no skal dei angripe dei som vil hærta alt og alle.  Ein meir idiotisk slutt må ein gå heilt tilbake til Matrix Reloaded, der fansen blei forbanna og filmen blei ein flopp.

Vurdering: 5/10

http://imdb.com/title/tt0062622/space odyssey

Det å beskriva handlinga i denne filmen ser eg på som ein veldig vanskeleg oppgåve, sidan det eigentleg ikkje er det som er viktig. For denne filmen følast som heil, ikkje forskjellige scener klippet i saman etter kvart. Sjølv om begynninga på filmen kan virka veldig keisam utan møkje handling og lite dialog snur filmen plutseleg når der er omtrent ein femtedel av filmen igjen, plutseleg blir alt veldig forskjellig frå før med masse fargar som fyk rundt og forskjellige fargefilter med ting som blir filma i høg fart, ein får ein slags trong til og sjå på det fine fargeshowet nett som ein dop. Også når filmen sit klimaks med forskjellige ting som skjer der hjernen din som nettopp har blitt dopa ned av fargeshow ikkje greier og følgje skikkeleg med.

Min forklaring på filmen er at me gjennom heile filmen blir sløva ned til og tenke på det me ser og sitte rolig og avslappa gjennom heile filmen, slik at når filmen prøver og dope deg ned har du lite motstandskrefter igjen og fargeshowet bryt ned dei siste forsvarsevnene ein har, pluss ein sitt igjen og tenker på kva fargene betyr så ein blir meir og meir forvirra.  Det siste ultimata bodskapen til filmen får ein derfor trykket rett inn i hjernen utan noko hinder.

In space odysseyDette er korleis eg opplevde filmen, etter eg var ferdig å sjå filmen var eg blåst vekk, eg trur eg har forandra meg sidan før eg såg filmen, til det positive.  Eg har før tenkt på korleis ein film er djup og korleis den ikkje er så djup, men denne filmen tar kaka, og nå få filmen igjen som eg kan framleis tenkje på som djup.  Eg gjer denne filmen god karakter rett og slett sida den eg så gammal og likevel bra lagd, men det er vanskeleg og anbefale ein slik film til nokon andre då den både er utroleg keisam og i tillegg er så avansert at ein sjølv ikkje forstår den skikkeleg.

Vurdering: 9/10

IMdb: http://imdb.com/title/tt0449088/pirates 3 cover

Grunnhistoria i filmen er at Lord Beckket har fått tak i Davy Jones hjarta og med den flygande hollender på si sida vinner britane kampen mot piratane.  Derfor kallar dei inn til pirat retten og tilkallar dei 9 pirat lordane, Jack Sparrow er ein av dei, så då reiser Captein Barbossa og hans crew med beregnet Will Turner (Orlando Bloom) og Elizabeth Swann (Keira Knightley) forbi verdens ende og tilbake igjen.  Da dei 9 pirat lordane er samla må dei ta ein avgjøring om dei skal sleppe fri den forræderiske gudinna calypso.

pirates 3 sceneDette er ein spanande film som eg meinar er betre en 2en, sjølv humoren som det eigentleg er lite av passar bra.  Einaste er scenen der Will Turner og Elizabeth Swann giftar seg,  ein scene som er lagt i saman med scenen der Den flygande Hollender borde dei, denne scenen øydeleg ein scene som kunne vert spektakulær.

Vurdering:  6/10

IMdb: http://imdb.com/title/tt0418279/Transformers

Forventningane mine til denne filmen var at da heila skulle vera ein barnefilm utan skikkeleg plot og dårleg humor. Eg tok feil…

Filmen handlar sjølvklart om dei utanomjordiske robotane som slost mellom kvarandre. Dei er delt i to der eine sida slost for å ta over verden(decepticon) og den andre sida for å stoppe dei andre med å ta over verden(autobots). Men i tillegg handlar det om ein gut som stammer ned i frå ein som utforska Arktis som fant leiaren til decepticon(megatron) nedfrossen i isen, også brukte megatron noko av sine siste krefter for å inngravere eit kart om kvar han var i brillene hans slik at undersåttene hans kunne finne han.

Heile filmen blir fortalt med klare skilje mellom god og ond, einaste er militæret som i byrjinga virke veldig forvirra kven som er gode og onde. Resten av filmen innehald konstant ”action” av beste slag. På grunn av alt som skjer miste filmen mykje dybde, så dette er ein film å sjå når ein er sløv og ikkje kommer til å få med seg meininga likevel frå ein ”djupare” film.

Anbefales til alle som likar skikkelege “action” filmar og ikkje har noko imot sci-fi.

Vurdering: 7/10

Band Of Brothers cover

IMdB: http://imdb.com/title/tt0185906/

Band Of Brothers er basert på boka “Band Of Brothers” av krigshistorikaren Stephen Ambrose. Miniserien/filmen er noko klart for seg sjølv, noko heilt utanom det vanlege. Det gjeld både effektar, manuskript, histore, eigentleg alt. Det er ikkje spart på noko! Produksjonen av serien kosta over 120 mill dollar! Produsenten er HBO, som også er kjent for å produsere Sopranos, The Wire, Rome og andre gode seriar.

Band Of Brothers scene

Nokon meiner at det er feil å ha David Schwimmer i ei rolle som ein beinhard kaptein, og eg er delvis enig. Det var veldig uvant i byrjinga når du forbinder han med den geniale serien Friends, men du må bare gløyme at du “kjenner” han frå før. Han spelar heilt fantastist i rolla som Capt. Herbert Sobel! Ellers så er dei fleste skodespelarane relativt ukjente. Nokon kjenner kanskje 2nd Lt. C. Carwood Lipton (Donnie Wahlberg) frå Saw 2, der han spelte rolla som Eric Matthews.

Må innrømme at noko av det kulaste i heile serien er effektane! Meir realistiske effektar (skuddsår, blod, gørr osb) skal du leite lenge etter! Har du ikkje sett denne serien, så har du klart gått glipp av noko av det største i film/serie verda!

Vurdering: 10/10