http://imdb.com/title/tt0404390/Running scared cover

Etter at ein dop handel går i vasken og ein korrupt politimann blir drepen får Joey Gazelle (Paul Walker) ansvaret med og kaste vekk revolveren som drap politimannen.  Men i staden for og kaste pistolen lagrar han den i kjellaren sin saman med sjukt mange andre våpen.  Son hans og naboguten ser dette og naboguten tar revolveren og bruker den mot den voldlege far sin.
Joey høyrer dette og skjønner fort at det er det same våpenet som tidlegare på dagen har blit brukt til og drepe ein politimann med.  Han kjøre fort ut på jakt etter naboguten som har rømt frå heimen.

Running Scared hovudrolla

Ein sjuk historie, med alt i frå pedofile til uteliggarar og hallikka, som skifter og snur gjennom heile filmen, noko som regissøren taklet godt utanom heilt i slutten då mange avslørande detaljer kjem på rekke og rad, der er den viktigaste detaljen nesten klippet vekk før hovudpersonen seier det.

Eg syntes dette var ein veldig god film som kunne blitt genial men nokre få glipp her og der gjer at den ikkje blir så god som den kunne blitt.  Historia går fram rask og det er massevis av action så ein kjeder seg aldri når ein ser på filmen.

Vurdering: 5/10

http://imdb.com/title/tt0499556/War cover

Filmen handlar om ein FBI agent som prøver og ta mordaren som drap partneren hans for tre år sidan. Denne leigemordaren kalla Rogue får i oppdrag av triad å stele to antikk gullhestar frå rival mafiaen ” Yakuza”. Men det viser seg at Rogue har andre planar en å gjere alt slik som hans oppdragsgjevar seier.

war handlingEin utruleg god grunn til og sjå denne filmen er rett og slett at hovudrollene i filmen er Jet LI og Jason Statham, to kjente skodespelarane som kvar for seg har lagd mange geniale filmar. Dette er ein film fullspekka med action og lite snakk. Men filmen blir og veldig Hollywood, da ein raskt skjønnar korleis filmen sluttar og kva som kjem til å skje.

Dersom ein er litt meir vaken så anbefaler eg å sjå ”Chaos” frå 2005 også der spelar Jason Staham i hovudrolla, noko liknande manus men mykje djupare og mykje mindre forutsjåande.

Vurdering: 5/10